That was then - This is now

Av Ayman Al Azraq

Om kunstverket

OBS! Kunstverket er sanert og sendt tilbake til KORO (Aug. 2024).

I installasjonen That was then ... This is now kan du følgje ein fotballkamp frå Zaatari flyktningleir i Jordan ved hjelp av fleire sansar: Sjå videoen frå kampen og kjenn hjarteslaga frå spelarane via vibrasjonar i veggen. Ayman Alazraq og Emanuel Svedins vibrasjons- og videoinstallasjon viser til fotballkulturen i Sogndal, men kan òg sjåast i eit større politisk landskap og dagens flyktningdebatt. Den genererte pulsen i installasjonen, hjarteslaga til spelarane, pulserer inn i kroppen til tilskodaren og gjev ei umiddelbar fysisk oppleving. Slik følgjer hjarteslaga dagsrytmen til campus og knyter menneska saman i ein felles rytme. Verket formidlar ei større verd inn i Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Werner Zellien

Les mer: https://koro.no/prosjekter/h%c3%b8gskulen-p%c3%a5-vestlandet-campus-sogndal-bragebygget/

Video om hele kunstprosjektet

  • Kunstner:
    Ayman Al Azraq
  • Tittel: That was then - This is now
  • Kategori: Annet
  • Beskrivelse teknikk/medie Annet (Integrert utsmykking)
  • Sted Campus Sogndal, Bragebygget
  • Plassering Kunstverket er sanert og sendt tilbake til KORO (Aug. 2024) pga. tekniske problemer.
  • Tilgjengelighet
    • Ikke tilgjengelig for allmennheten