Om kunstverket
Den etiopiske kunstnaren Tamrat Gezahegne (f. 1977) bur og arbeider i Addis Abeba. I 2016 besøkte Gezahegne Kronstad som artist in residence som ein del av det temporære prosjektet Vågestykke, som gjekk føre seg på campusen mellom 2016 og 2018.
Kunstneren har utforma folieringa på glasflatene i bygget - og veggene i trappegangane. Folieringa viser eit alfabet han har utforma sjølv. Dette alfabetet, eit hieroglyfisk skriftsystem, er basert på mangfaldet av munnlege språk i Etiopia og er i nær slekt med fidel, eit skriftspråk konstruert for rundt 2500 år sidan og nytta i mellom anna amharisk.
Foto: Pål Hoff
Les mer: https://koro.no/kunstverk/wehed-fidel-letters-project/