Om kunstverket
Innimellom stiger vannet av Therese Hoen er plassert rundt i fleire etasjar i K2. Ei mengde beverar støypte i betong rører seg tilsynelatande uhindra gjennom bygningskroppen. Verket hintar om ei verd ved sida av vår eiga; vi får berre eit glimt av beveren i forbifarten. Beveren er sky, helst synleg gjennom det den gjer. Den bygger og endrar verda den lever i, og er kjend som ein såkalla nøkkelart som bidreg til at andre artar får gode leveforhold.
Foto: Pål Hoff
Les mer: https://koro.no/kunstverk/innimellom-stiger-vannet/