Campus Sogndal, Høgskulebygget

BESKRIVING AV BYGGET

Høgskulebygget er eit sentralbygg på campus Sogndal. Det skal vere naturleg å søkje til denne bygningen for gjestar, studentar og tilsette når dei kjem utanfrå og inn på høgskuleområdet. Bygget har gode kommunikasjonsårer som knyter saman dei opphavelege bygningane; Fossbygget, Bragebygget og Stadionbygget.

KUNSTPROSJEKTET

Ein høgskule er en stad for læring, forsking og utveksling av kunnskap og idear, en stad der det å undre seg og vere nysgjerrig og open for omverda er det verksemda kviler på. Målet med kunsten i den nye bygningen har vore å spegle dette. Med kunstutvalet sine eigne ord blei det sagt at kunstprosjekta "bør kunne aktivisere ved å vekke, pirre nysgjerrigheita, opne nye perspektiv og gje rom for ulike tolkingar. Prosjekta kan være overraskingar eller brot på det ein ventar seg. Det bør vere verk som utvidar horisonten og som evner å engasjere brukarane over tid".

Kunstutvalet ønskte å realisere kunstverk som kunne byggje opp under ein undersøkjande og leikande metode, verk som kunne invitere til leiting etter samanhengar og gransking av korleis ting heng saman utan å gi eintydige svar. Nettverk, kommunikasjon, bindeledd og lenkjer var stikkord for dette - og for de visuelle grepa som skulle nyttast for «å binde» bygningen saman. Høgskulebygget vil nettopp være ein viktig sosial og fagleg møteplass for både studentar og tilsette - og eit tydeleg bindeledd for dei andre bygningane på campus.

På uteområdet er det 50 miniatyrskulpturar av menneskefigurar støypte i bronse utført av kunstnaren Trine Hovden. Tittelen på verket er Oppdagar. Figurane relaterer seg til omgivnadene gjennom å utforske, undersøkje og utfordre dei. Du finn dei både i område med stor ferdsel - og på meir bortgøymde stader der en får moglegheit til å oppdage dei litt etter kvart. De klatrar i tørrmurar, pressar seg ut og inn av sprekker - og kikkar utfor stup og skrentar. Nokre opptrer i grupper, andre enkeltvis. Skulpturane er alle individuelt modellerte til sin bestemte stad. Storleiken, cirka 20 cm, er et viktig grep både for å skape eit overraskingsmoment og som verkemiddel for å uttrykkje noko om relasjonen mellom mennesket og naturen.

Kantineveggen i 5. etasje har fått eit veggmåleri som består av to tekstelement og ein illustrasjon. Utgangspunktet for verket, som er utført av kunstnaren Maria Udd og Stine Karlsen, er ein refleksjon rundt spørsmål om kva verda treng av løysning; knytt til miljøproblematikk, global mat- og vassmangel, naturkatastrofar, den skeive fordelinga i verdsøkonomien, krig og kulturforskjellar.

Setninga Gud fekk ikke pupp er konkluderande, men ein kan undrast over om ho er resultat av ein konsekvensanalyse eller eit filosofisk utsegn. Setninga Rykk tilbake til start gir assosiasjonar til spel og spørsmål om tilfelle og taktiske ferdigheiter. Spel kan vere eit mikrokosmos for dagens samfunn. Å starte på nytt, representerer ei moglegheit for engasjement eller en sjanse til å rette opp noko.

på veggen i trapperommet har kunstnaren Torgeir Husvåg utført eit relieff av perforerte akustiske gipsplater og en tilhøyrande mobil-app. Verket har tittelen Uvitenhetskart. Hól i dei perforerte platene er sparkla igjen slik at dei dannar eit mønster, mens den supplerande delen er ein mobil-app som presenterer det same motivet i form av ei skanna penneteikning av det same arbeidet - før det blei koda til eit binært mønster. App-en gjer det mogleg å navigere i verket på veggen og få det tilsynelatande abstrakte mønsteret omsett til eit språkleg nettverkskart. Fåkunnekartet er ei subjektiv visualisering av ein enkeltperson sine kunnskapshól.

FOTO

All kunst som ikke kommer fra KORO, er vinteren 2023/24 fotografert på nytt av Tora Anderson og Mauricio Pavez (Læringslab Bergen).

Her finner du